
NetworkManager
Målet med NetworkManager er å få nettverk til å fungera med eit minimum av brukarforstyrringar, men likevel tillata tilpassingar.
Fedora LXQt tilbyr eit lett, velintegrert LXQt-skrivebordsmiljø. I tillegg til sjølve LXQt tilbyr han ein liten, velvald samling av applikasjonar som Falkon-nettlesaren, som kombinerer Chromiums renderingsmotor med ei fin Qt-oppleving. Andre applikasjonar inkluderer e-postklienten Trojita, qBittorrent-klienten, musikkspelaren Yarock, og eit sett med nokre av dei mest bruka applikasjonane. Sidan alle applikasjonane brukar same Qt5-verktøysett og Breeze-temaet som er kjent frå KDE, gjev skrivebordet ein einskapleg og velintegrert stil og tematisering. I tillegg er breeze-gtk tilgjengeleg slik at brukaren ogso kan integrera GTK-applikasjonar.


Målet med NetworkManager er å få nettverk til å fungera med eit minimum av brukarforstyrringar, men likevel tillata tilpassingar.

Ein lettvektsnettlesar for fleire plattformer skrive i Qt-rammverket og med QtWebEngine som webrenderingsmotor.

Quassel IRC er ein moderne, plattformuavhengig, distribuert IRC-klient, noko som tyder at éin klient kan kopla seg til og kopla seg frå ein sentral kjerne

Er du ein nedlaster? Bruk Transmission for å få nye versjonar av Fedora LXQt-skrivebordet!

QTerminal er ei lettvekts Qt-terminalemulator basert på QTermWidget.

dnfdragora er ein DNF-framende, basert på rpmdragora, skrive i Python 3 og brukar libYui.

FeatherPad is a desktop independent and lightweight Qt5 plain-text editor for Linux.

qpdfview er ein dokumentframvisar med faner.

Dragon Player er ein multimediespelar som fokuserer på enkelheit i staden for funksjonar. Det enkle grensesnittet er utforma slik at det ikkje skal vera i vegen, men i staden gje deg høvet til å spela av multimediefiler.

LXImage-Qt er Qt-porten av LXImage, ein enkel og rask biletframvisar som du òg kan tak skjermbilete med.

Yarock er ein moderne Qt4/Qt5-musikkspelar designa for å gje ein enkel og fin musikksamlingslesar basert på omslagsbilete.